Desember

Julegåva til heile verda.
 
«I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda…» Mamma, kan du det utenat? spør ein av ungane. Ja sånn omtrent, svarar eg. Korleis kan du det? spør dei vidare. Nei, eg har vel høyrt det og lese det så mange gongar svarar eg. Forteljinga om det som hende i ein stall for om lag 2000 år sidan er gjenfortalt og lese så mange gongar at menneske over heile verda i dag kan forteljinga ganske ordrett slik den står i Lukasevangeliet.
 
Noko av det eg likar best å ta fram heime i samband med julefeiringa er julekrybba. Den inneheld Jesusbarnet, Josef som ikkje lengre har gjetarstav, Maria utan glorien som ho hadde før, tre vismenn der to manglar gåvene og ein har skade på krona si. Tida med små barn i huset som har fått leike denne viktige forteljinga har sett sitt preg må julekrybba, men viktigare enn det håpar eg at forteljinga har sett sitt preg på dei som har leika med figurane.
Det høyrer og til gjetarar, sauer, kanskje kamelar, ein stall, og eit stort englekor i forteljinga. Julekrybba fortel det viktigaste.
Eg tenker at nesten heile verda er samla i stallen denne kvelden. Ei ung jente, ein truleg litt eldre mann, fattige gjetarar og rike vismenn, husdyr som er kjende for oss, og eksotiske dyr frå andre delar av verda. Og i krybba låg eit lite barn, som ei gåve til frelse for heile verda.
Gåva er til deg om du er fattig eller rik, ung eller gamal, og uansett kvar ein kjem frå: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren».
 
God jul!
Marit Mathiassen

November

                               Novembertankar

        Lys i mørketida.

Evangelieteksten 21nov. ,var om dei ti brudejentene. Fem av dei måtte oppleva det triste. Lampene våre sloknar. Me treng alle lys i mørke for å sjå, og for at andre skal sjå oss.

Ola Bremnes har skrive ein song der koret er slik.:

Har du fyr. Har du løkter langs din vei.

Har du fyr. Et signal om riktig lei.

Ei lampe som lyser i mørket,

Som lyser dæ ut og frem.

Som tar dæ bort og hjemmefra,

Men også tar dæ hjem.

Det er mange ting i vår tid som prøver fange våre auge. Sterke lys, fine å sjå på og lette å fylgja, men er det så sikkert dei alltid viser den rette leia. Me må våga å spørja oss sjølve. Har eg ei lampe som gløder i mørke? Som viser andre leia?

November endar i advent. Kongen kjem audmjuk  ridande på eit esel. Han vil gjesta deg og meg. Eg er ikkje klar til å ta imot ein konge. Det er så mykje som må ordnast. Det er berre det at for denne kongen treng du ikkje ordna med nokon ting.Han vil inn og høyra korleis du har det. Sorger, gleder, bekymringar, ja alt som ligg deg på hjarte.

I salmen Gjer døri høg, står det slik i 7 verset.:

Mi hjartedør eg opnar deg!

Å Jesus stig du inn til meg.

Og lat meg her den nåde få

At eg din milde hug kan sjå.

 

Så lyser lampen og viser leia.  God adventstid.

 

                               Karsten Nesse.

 

 

                               

 

 

*OKTOBER*

Vær ikkje bekymra!

Matteus 6,25-26: «Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel.

Er ikkje de mykje meir enn dei?

 

Har du tenkt over at det å bekymre seg ikkje kjem frå Gud?

Det er så lett å bekymre seg for alt muleg. Det kan vera små og store ting me uroar oss for.  Må innrømme at eg ofte er der.

Den vonde vil heile tida dra oss vekk frå eit nært tillitsforhold til Jesus.

Djevelen blir «skremt» når du og eg legg alt i Herrens hender.

Me treng å øve oss på å stole heilt og fullt på Jesus kvar dag. Velja å stole på at Han har kontroll, sjølv om det stundom kan storme rundt oss.

Kva har Gud gitt oss isteden for bekymringer?  I 2. Tim.1, 7 står det: «For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom» Me skal sleppa å vera motlause, tenk så fantastisk!  Han vil gi oss kraft i kvardagen.

Og Bibelen seier «Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut» ( 1. Joh. 4, 8 ) Med ein Gud som er mild nok til å elska og trøste oss, samtidig sterk nok til å vera vår klippe og borg, kan me klara alt som livet kastar mot oss og veksa sterkare som resultat.

I Jes. 43 kan me lesa bl.a  «Vær ikkje redd, for eg er med deg» Så la oss gå dagane i møte og tru det!  Ta Jesus på ordet!

Lykke til både med å øva deg på, og å stola på Herren kvar dag!

God helg!

Olava.

SEPTEMBER

På vei til Emmaus. Luk. 24,13.

Og se,to av dem var samme dag på vei til en by som heter Emmaus.,som ligger seksti stadier fra Jerusalem.
Her ser vi to som kommer gående og disse er veldig opptatte med dette som har skjedd. De legger slettis ikke merke til,at en er kommet i følge med dem.
Vi kender jo til dette hvor godt det er å være to eller flere sammen ,når vi skal på tur. Noen å diskutere dagen og ting ellers med. Det samme er her,de legger ikke merke til ham som kommer bak dem,fordi de har så meget på hjerte. 
Det de ikke vet,det er at det er Jesus som er kommet og følges med dem. Jesus spørger," Hvad er det dere går og samtaler om på veien ?"
Vi kan godt se for oss hvordan de ser på Jesus og spørgende kommer det," Du,si oss en ting ,hvor har du vært og har du ingenting fået med av det som er hent? Er du den eneste som ikke vet det?" Da sier Jesus," Hvad da?" Vi leser at deres øyne blev holdt tilbake,slik at de ikkje kunne se at det var Jesus.
Da forteller disse to Jesus om hvad som har hent, korsfestelsen og hvordan kvinnene kom til en tom grav,det var intet legeme der. Da leser vi at Jesus forteller dem om hvorfor Messias måtte lide dette og så gå inn til sin herlighet. 
Jesus kommer også i dag og følges med oss,og ikkje altid er vi klar over det. Han spørger også oss i dag," Hvad er dere så opptatte av ?" Jesus ønsker å være en del i vores liv og dagligdag. Han ønsker å høre om hvordan det går med oss og hvordan vi har det. Gledesbudskapet er,at også det som vi ikke forteller med ord,det hører han og alle vores hjertsukk. 
Vi kan invitere Jesus å være med og så må vi ikke glemme sådan som her,at Jesus kan komme å følges med oss,uten at vi er klar over det.
Da vil vi oppleve som disse," Brant ikke vårt hjerte i oss,da han talte til oss på veien."
guds velsignelse.


Solva Rasmussen

 

AUGUST

«God helg» - helsing, Gilje Bedehus august -21

 

Luk 10.2-3: «…GRØDA ER STOR, MEN ARBEIDSFOLKA ER FÅ. BE DÅ HAN SOM ER HERRE OVER GRØDA, AT HAN MÅ SENDA UT ARBEIDSFOLK TIL Å HAUSTA INN GRØDA SI. GÅ AV STAD!..»

Denne sommaren har me opplevd at grøda har vore stor. Med glede har me sett på korleis graset har vakse og avlingane har vore gode. Heime i vår eigen hage har det òg vore gode avlingar. Bringebær, solbær og rips fyller frysarane våre. Nett no bognar det på to plommetre. Rivers-plommene er kjempegode både til å eta og til syltetøy. Opalen er i ferd med å få den gode søte smaken (men skulle vore meir tynna..). Blomane har òg vore flotte denne sommaren. Når me ikkje var heime nokre dagar, trong blomane våre tilsyn med vatning. Det var arbeid som nokon av barnebarna tok ansvar for. Innhaustinga her i huset vart delt på oss to, me kunne berga heile grøda. Med nót på bærtrea hindra me trasta frå å stela bæra. Me var nok arbeidsfolk i vår vesle hage.

I arbeidet i Guds rike er grøda stor, men arbeidsfolka er få. Det betyr at det er mykje innhaustingsarbeid som ikkje blir gjort. Det er eit trist syn når flott frukt ligg på bakken og rotnar. Gud har bruk for kvar og ein av oss, både i innhaustingsarbeidet og i heile prosessen fram til mogen avling. I vår når solbær- og ripsbuskane skulle skjerast, var mor til Brynhild med - for det kan ho betre enn oss. Dette kan fortelja oss at stundom må me få hjelp til det me ikkje kan, eller ikkje får til. Mor til Per Ole har passert 98 år og er viktig i innhaustingsarbeidet. Ho har ei lang bøneliste med mange namn. Stundom kjem ho ikkje på alle namna, men det er ikkje noko problem - for ho veit at Gud kjenner alle namna.

Gud kan bruka alle til å samla inn grøda. Ikkje alle kan spela piano, pynta huset med blomar eller leia møte. Men alle kan visa kvarandre omsorg, «kjekt å sjå deg», er gode ord å høyra.

Ein far sa ein gong dette om sonen sin: «når noko skal gjerast, er han veldig flink til å få andre med seg». Faren syns sonen var litt «makeleg anlagt». I innsamlinga av grøda treng me òg slike som er «makeleg anlagt» - som då er flinke til å finna arbeidsoppgåver til mange i Guds rike - ei fantastisk gåve! Tenk om kvar av oss kunne få ein ny med oss. Eller kanskje er det ein som har vore med lenge som treng ei ny oppgåve…

Så må me ikkje gløyma at ALLE arbeidsoppgåver er like viktige 😊

Seinsommarhelsing frå Per Ole og Brynhild