Gilje bedehus – Betlehem. 22. august 2018.

I desse dagar då bedehuset er både renovert og utbygd i løpet av dei siste månadane, kan det kanskje høva med eit lite tilbakeblikk på huset si historie.

Opprinneleg vart huset bygd som skulehus for Giljekrinsen og stod ferdig i 1866. Ny skule stod ferdig på nabotomta i 1917.

I desember 1916 vart det vedteke lover for bedehuset. I 1917 kjøpte ein så den gamle skulen som då stod tom, for å bruka den som bedehus. Den blei ombygd i 1918 for å vera meir praktisk til sin nye bruk. Før den tid hadde Indremisjonen hatt møtene sine i heimane.

Det kan vera interessant å sjå litt på dei første lovene for huset frå 02.12.1916:

Der står det at «Gilje skulehus vert å kjøpa, eiga og bruka av desse lag: Indremisjonens foreninger, Gilje ungdomslag og losie «Heimtrygd».

Paragraf ein i lovene seier at: «Ungdomslaget og losien held sine vanlege møter om kvelderne og indremisjonsforeningen sine om dagerne. Ingen av dei vanlege møter skal vare lenger end til kl. 10 om kvelden ….».

Paragraf 5: «Mans og kvinneforeninger i krinsen har rett aa bruke huset til sine møter. Huset kan når styret gjev løyve til det, også brukast til møte av almen interesse».

Frå den tidlegste tida veit ein vidare at søndagsskulen  starta i 1916. Gilje indremisjon sin ungdomsforening reknar starten sin frå 1920.

Losje «Heimtrygd» ser ut til å ha gått ut i 1936.

Når det gjeld den første bedehusbygningen så hadde møtesalen glas i aust. Talarstolen stod i midten med ei lita plattform på begge sider. I tillegg var der småsal, kjøken og gang. Det var trapp opp frå gangen til eit galleri. Og der var ein høg vedomn.

Det var benker til å sitja på og oljelamper til belysning. Kaffikjelen hadde ein i lag med Tormodsætre bedehus. Vatnet bar ein frå ei kjelda sør for huset og ein hadde vedhus og utedo.

Den første store ombygginga hadde huset i 1938. Møtesalen blei forlenga i aust og det blei bygd kor. Noko som vart særmerkt for bedehuset vidare, kom no: «Snurringane» i taket laga av Berner Innvær og namnet på bedehuset, «Betlehem», med roser rundt, måla over koret av Olaf Gundersen. Ein fekk no to petromakslykter som gav godt lys. Ein fekk òg nye, solide trebenker.

Elektrisk lys kom i 1951 og elektrisk oppvarming nokre år seinare. Nytt utedo og vedhus vart òg bygd.

Det store måleriet i koret kom omkring 1960 og var ei gåve frå Severin Knutsen Gilje som budde i USA. Bak måleriet under målinga og tapeten er det eit ekte gullkors frå 1938, gitt av Lars M. Mæland.

Den neste ombygginga og utbygginga starta ved at det gamle skulehuset på Gilje blei ståande tomt frå 1959, og seinare kjøpt av bedehuset. Bedehuset vart då fornya delvis med materialer frå den gamle skulen. Og slik huset blei etter denne ombygginga i 1965, har det stort sett vore fram til ombygginga no i år. Ein fekk nytt kjøken og matsal med faldedører mellom salane, toalett og innlagt vatn. Utedoen blei riven og bårehus bygd på same plass.

Benkene blei skifta ut med stolar like før 1970. Det var innsamling av pengar til nye stolar der kvar kjøpte «sin» stol. Høgtalaranlegg kom i slutten av 1970-talet.

Omkring 1970 kom det ein eigen ungdomssal. Den er ombygd og utvida tre gonger. Seinast i 2004.

På 1980-talet vart møtesal og galleri oppussa. Det kom kjøle- og fryseskap, teleslynge, oppvaskmaskin og nye toalett og varmt vatn på toaletta.

I 1992 vart plattforma i koret trekt lengre ut i salen og talarstolen flytta til søre veggen.

Det var gravferder frå bedehuset frå slutten av 1950-talet og fram til 1996. Bårehuset vart rive i 1997. Rullestolrampe kom rundt 2000.

Lovene for huset frå 1916 vart endra i 1979 for å svara til dagens situasjon. Der står det mellom anna at Gilje bedehus skal vera samlande for det kristne arbeidet i krinsen. Bedehuset kan òg leigast ut til samfunnsgagnlege føremål.

Årsmøtet er høgaste myndighet. Alle har stemmerett som soknar til Gilje bedehus og er over 18 år og har ei positiv innstilling til føremålet for bedehuset. Her er altså ikkje noko medlemskap, einaste krav er at ein bur i Gilje-krinsen. Revisjonar av lovene kom i 1997 og 2004.

Dette var ein del fakta og årstal når det gjeld lover og ombygging og renovering, men det er klårt at det viktigaste for folket i bygda har vore bruken av huset og innhaldet i det ein har drive med.

Det har vore eit rikt song og musikkliv på bedehuset opp gjennom åra. Det første musikklaget kom på 1920-talet. Første orgelet kom på 30-talet. Det andre orgelet som kom omkring 1960, var ei gåve frå ein i USA. Det tredje orgelet (elektronisk) kom i 1983. Då òg kom det ei gåve frå USA. Kring 1974 kom det piano i huset.

Det er ikkje reint få ungdomar som har fått opplæring i song og instrumentbruk på bedehuset. Nokre av dei er komne langt på sine instrument seinare i livet. Ungdomar har òg fått ansvar og leiartrening som dei har vakse på og hatt gode av  i andre samanhengar seinare.

I årsmeldinga for 1991 finn ein til dømes at Ungdomslaget og musikkoret hadde over 90 tilstellingar, barnearbeidet hadde 85 og for vaksne over 90. Til saman litt over 300 tillstellingar på bedehuset det året. Mest ei tilstelling kvar dag i gjennomsnitt.

Omlag 16 lag og foreiningar brukar huset i dag. Ein viktig både sosial og andeleg samlingsstad i bygda, så og seia frå fødsel til død. Frå dåpsfeiringar til minnemøte etter gravferder.

Husstandane i krinsen får kvart halvår tilsend ein kalender med oversikt over alle aktivitetane på bedehuset.

Det er ikkje få millionar kroner som er samla inn her til arbeid både i inn- og utland. Når det gjeld pengar til utbyggingar og drift av bedehuset, så er dei samla inn blant bygdafolket. Dei mange tusen timane med dugnadsinnsats kjem i tillegg. Talet på personar som har vore med på dugnadane er heller ikkje lite.

Og utruleg mange timar av fritida si har dei brukt som har hatt ansvar for, og leia, dei ymse aktivitetane på huset. Både for born, ungdom og vaksne.

Og grunnlaget for alt eg har nemnd her i denne artikkelen, er sjølvsagt at det har vore interesse i bygda for bedehuset og arbeidet der, elles så ville det aldri  vore mogleg. Heller ikkje den siste store renoveringa/utbygginga som akkurat no er ferdig.

Olav Mæland

Kjelder: Munnlege kjelder, lovene for Gilje bedehus, og Lars Gunnar Mæland sitt foredrag til Gilje bedehus sin 90-årsfest i 2008.

 

Foredrag i anledning 90-årsfesten til Gilje Bedehus 02.11.2008. av Lars Gunnar Mæland

 

(Må lesast som eit foredrag på 90-årsfesten 02.11.08. Det er ikkje berre historie, men og mange vurderingar underveis. Lars Gunnar Mæland )

 

Gratulerar med minst 90 år ”Betlehem” -  brødhuset

Slik eg vurderer det eg har lese, høyrt og hugsar om historien til bedehuset.

 Bygging

Haugerørsla og vekkingane i siste del av 1800 er vesentleg for lekmannsarbeidet og bygging av bedehus. Lærar Ivar Thorsheim, ein svært aktiv politikar og misjonsmann,  kom i 1866 og fløtta inn i skulehuset som vart bygd året før.  Huset vart overteke og brukt til bedehus hausten 1917, og ombygginga i 1918 føregjekk medan det var konfirmantforbereding her.

Det undrar meg at Thormodsæter får bedehus samme året, og med ulik eigarstruktur.  Indremisjonen er felles for bygdene og var det til slutten av 1950-åra, og dei delte på å ha søndagsmøtene.

Lovane er frå 02.12.1916:  ”Gilje skulehus vert å kjøpa , eiga og bruka av desse lag: Indremisjonens foreninger, Gilje ungdomslag og losie ”Heimtrygd”.

§1  --”Ungdomslaget og losien held sine vanlege møter om kvelderne og indremisjonsforeningen sine om dagerne. Ingen av dei vanlege møter skal vare lenger ind til kl 10 om kvelden….”

§5 Mans og kvinneforeninger i krinsen har rett aa bruke huset til sine møter.

Gilje IUF reknar sin start frå 1920.  Det var svært få kristne ungdommar før vekkelsen samme året. Kan det ha vore eit verdsleg ungdomslag? Avholdsrørsla hadde sterke knytninger til indremisjonen i Sunnhordland både før og etter 1900.  Losje Heimtrygd finn me i rekneskapen fram til 1936.  Eg trur dei slutta det av etter uenighet med indremisjonen.

Lovane er skrevne av etter originalen, utan å vera underskrevne.  Dei står i referat- og rekneskapsbok som startar 1926.  Den finn me ikkje, og har berre referatbøker som startar med årsmøte i 1975.

Møtesalen hadde glas i aust. Talarstolen stod i midten med litt plattform på begge sider. Den er laga av Erik Mæland på Skjerpo. Seinare restaurert av Bjarne Innvær.   Småsalen, kjøkken og gong var der gongen er i dag.  Galleriet var som i dag med trapp ifrå gongen.  Truleg er huset ikkje malt innvendig og med paneling i taket.

Benkene var tilnerma to fjøler med føter , der den eine fjøla var ryggstø. Gode og handtlege.  Lyset var 4 20 linjers oljelampar.  Kaffikjelen hadde dei i lag med Thormodsæter bedehus og den står der inne.  Vatnet vart bore frå kjelda sør for huset.  Utedo og vedhus stod nordvest for huset der flaggstanga er.

Ombygging 1

Ved ombygginga i 1938 var Edvard Fylkesnes byggmester.  Salen vart forlenga i aust og koret vart bygd.  Snurringane i taket er laga av snikkaren Berner Innvær.Olaf Gundersen mala Betlehem med rosene rundt, snurringane og litt til med eikemaling.

Gongen var eit tilbygg langs nore veggen i vest med inngang frå aust. Den vart reven i 1964. Døra inn til salen er fortsatt på plass attmed miksepulten, og oppgang til galleriet der bøttekottet er. Småsal var den søre delen der gongen er i dag   Luka frå kjøkkenet var bak miksepulten.  Når handpumpa for vatn kom, veit eg ikkje.  Men eg hugsar den ikkje virka.  Ein vedovn i meir enn mannshøgd stod der dørane er.  Lysa vart skifta ut med to petromakslykter som gav godt lys.  Elektrisk lys kom i 1951 og elektrisk oppvarming nokre år seinare.  Nytt utedo og vedhus vart fløtta til sørvest der bårehuset var.

Bestefar min var fleire gonger i Urangsvåg og prøvesat benkene og fekk spørsmålet:”Skal de sova heile tida”.  Dei var kraftig dimensjonert og fleire mannsløft i ein benk.

Eg trur huset vart pussa opp ein gong på femtitallet.  Taket får porøs huntonitt for betre isolasjon og vert malt.  Huset var truleg plata innvendig i 1938, alle innvendige vegger vart malt lyse

Måleriet i koret er ei gåve frå Severin Knutsen Gilje Amerika og kom omkring 1960.  Bak maleriet under malinga og tapeten er det eit ekte gullkors frå 1938 gitt av Lars M. Mæland. 

Ombygging 2

På 50-tallet var det ønskje om fløtting til ein meir sentral plass - grustaket i Møllevåg, eller attmed Størk Mæland.  Eit alternativ var å byggja nytt med kjellar, og det var kontakt med arkitekt om tilbygg i sør.

I 1959 vart det gamle skulehuset ståande tomt og seinare kjøpt.  Byggekomite vart vald, med Størk Mæland som formann i byggjenemd og arbeidslag.  Han skisserte tegning og la den fram for ein arkitekt på Fitjar.  Det er første gong eg har registrert at kvinner er vald i bedehus- eller misjonssamanheng på Gilje.  Dugnadsinnsatsen var stor.

Huset vart bygd slik de kjenner det i dag med kjøkken, matsal og faldedørane mellom salane.  Vestre enden vart inngang, og tilleggsbygg mot vest for toalett og innlagt vatn. Matsalen tapetsert. Taket i koret var lyseblått fram til 1980.  Det kom røyrstolar i matsalen med fliser for strømpebukser.  Oppe var det foreningsal og arbeidsrom for meir praktiske ting.

Utedo vart reve og bårehus bygd på samme plass.

Me kan hugsa at det var minnemøter etter begravelsar midt i 50-åra på bedehuset.  Begravelse herfrå kan me bekrefta frå 1959.  Dette påverka til oppfatningen:  ”Alle har bruk for bedehuset”.  Det vart gått rundt med lister for å tegna seg, og ein forventa at alle husstandar var med. Det trur eg dei var .

Røyrstolane med brunt setetrekk og rygg vart innkjøpt før 1970. Det var innsamling og me kjøpte ”kvar vår stol”, 144 stk i møtesalen og nokre til. Billegkjøp der sete og rygg datt av.  Dei vart fiksa med stikker og lim og nye skruar når det mangla.  Neste generasjon stolar sete de på innkjøpt i 1990 etter grundige testar.  Stolane krev gode talarar for ikkje å sovna.

På årsmøte i 1975 var det forslag om: Golvbelegg i møtesalen, nye glas i sør, ny kledning, nye takrenner, songbøker, fast veidekke oppsetting av faldedør i matsal og pålegg om nødutgang frå 2. etasje og det er underskudd i kassa.  Eit handlingskraftig styre med greie på økonomi ordna det meste på kort tid.

Høgtalaranlegg får me i slutten av 70-åra, og det har vore litt kamp å halda det i orden.

I 1980 vert møtesalen og galleriet oppussa.  Matsalen og toaletta får golvbelegg og uteareal får 180m2 med asfalt.  I 1980-åra kom også kjøl og fryseskap, teleslynge.  Oppvaskmaskin i 1987 etter 2 rundar med ekstraordinere årsmøte. Nye toalett og varmt vatn på toaletta.

Tidsur for varme kom i 1990.  Den har gitt god inntening, spesielt når ein gløymer å gi beskjed om bruk.

Første ideen til bedehuskalender til alle husstandar eg veit om, var etter besøk i Leirvik bedehus før 1979.  Det gjekk nokre år før den vart laga her.

Diskusjonen om bårehus først på 90-tallet, var ein debatt også omkring Fagervoll som framtidig gravplass, - om det var fornuftig å bruka så mykje pengar, - og bedehuset som gravkapell.  Det vart vedteke plasseringer fleire stader, og tilleggsareal vart kjøpt og planert.  Uenigheten var djuptgripande og vond.  På ekstraordinert årsmøte i 1997 vart huset vedteke reve utan å byggja nytt. Siste begravelse var i 1996

I 1992 vart plattforma i koret trekt vesentleg lengre ut i salen og talarstolen fløtta til søre veggen.  Telefon med myntapparat vart montert, men teken vekk etter få år på grunn av hærverk og mobiltelefonar.

I 1993 kom lagerrom i aust etter  press frå brukarar om meir lagerplass.  Skriftsteda vart laga av Annita Våmartveit.  Dei gamle med svart ramme finn me ikkje.

Bedehuset fekk vegrett etter ombygginga i 1938.  Bedehustomta vart skyldsett i 1959.  Det har seinare vore oppmåling og fleire tillegskjøp.  Bedehuset har i dag gjennomkjøring av tomten til Korsnes.  Kjøp av eigedom, grensesetting, vassavrennig, vegrettar og asfaltering m.m er kompliserte saker når mange grunneigarar er involvert.  Nils Risøy var mannen som hadde den rette utstråling for å få orden  på sakene omkring 1990.  Det er også inngått avtale med skulen om parkering, mot stønad til lys og asfaltering.

Rullestolrampe kom omkring 2000 etter mange vuderinger og om endring av inngangspartiet.

I 2001 er det utført 230 dugnadstimar med reparasjon av taket.

2002 - oppussing av kjøkken med skifte av glas.

Alarm kom i 2003 etter innbrudd, lenge etter at det var slutt på å henta nøkkelen i gongen hos Gurine.

Bedehuset er utleigd til skulen første gong til framhaldskole i 1920-åra og sist ved utbygging av skulen.

Lovane, årsmøta og økonomi

Lovane frå 1916 var ikkje framtidsretta eller godt styringsredskap  Ein komité vart nedsett i 1977 med slik samansetting: 2 frå Gilje Indremisjonen, 1 frå Gilje IUF, 1 frå bedehusstyret, 1 frå barnearbeidet og 1 frå ytremisjonane.  Lovane vart endra i 1979 med krav om 50% fleirtal. Det var ein svært lang diskusjon der mange gjekk heim før endeleg vedtak. Dei er tufta på Guds Ords grunn og evangelisk luthersk vedkjenning.  Styret skal bestå av 5 valde der ein av dei skal vera barnearbeider, pluss indremisjonsformannen og ein frå IUF.

Det vart innføret arbeidsutval som kontaktledd med brukarane.  §-en vart teken bort i 1997. Samrådingsmøte har i alle år vore ein utfordring å få til å fungera både før og etter lovparagrafen.

2 referat  som eg har lagt merke til: ”Varamann til styret er innvald med 0 stemmer”, og ”årsmøte gav styret fullmakt til å endra lovane”.  Det første kan kanskje forklarast, det andre er ikkje gyldig, men kan kanskje forklarast det og.

Bedehuset som overnattingsplass og selskapslokale har vore ein del debattert.  Vedtaka utover er ikkje eintydige og er meir negative enn bruken har vore.

Årsmøta frå 80-åra og utover har vore dårleg besøkt og er etter mi meining meir enn betenkeleg for eigarane og brukarane. Til valet i 2003 var det spurt om lag 40 kandidatar til styret.  2 personar sa ja.

Styra har fungert til tider svært så bra.  Men ikkje alltid hatt gode nok vedlikehalds- og framtidsplanar med budsjett og økonomistyring.  Langtidsplaner for huset og bruken, bør ein ta tak i.

Ein har alltid klart å gjennomføra det ein har hadt lyst til og gjort vedtak om. Då har ein gått ut å spurt etter pengar og fått nok.

Det har vore eit prinsipp, bevisst eller ubevisst: Bruk av bedehuset til kristent arbeid skal ein ikkje betala for, men av omsetning ved bruk.   Diskusjon om kor mange % ein skal betala og kva ein skal betal for, har pågått så langt til bake som eg hugsar.  Uenigheten og usikkerheten lever fortsatt sjølv etter mange vedtak. Brukarane av huset betalar ikkje i nærheten av det drift og vanleg vedlikehald kostar.

Fast gjevartenesta dukka opp ein gong på syttitallet.  Resultat etter jevnlege diskusjoner fram til no, er utsending av brev med giroar.

Ombygging 3

Etter ombygginga i 1965 kom ønskje om å bruka laurdagskveldane til ungdomssamlingar og ønskje om ungdomssal.  Ildsjelene måtte gå mange rundar for å få det til. Første ungdomssalen kom omkring 1970. Ungdomslaget sto sjølv for opp-pussing av foreningsalen. Møblane var eit storhende, og ungdomman vart svært overaska då dei såg det.

Den er ombygd og utvida 3 gonger der ungdommane har vore aktivt med i utforming og dugnadsinnsats.  3. gongen  innvigd i januar 2004. Det var eit kjempeløft både på huset og i økonomi der bedehusstyret stod for prosjektet.  Igjen fekk ein pengar av bygdefolket, men det er ikkje så alment å få av alle husstandar som tidlegare.

Musikk

Her har vore mange songarar, song- og musikkgrupper, og musikklaget som starta på 1920-tallet er ein forløpar til Decor. Og Sverre Ersland som er her i dag, var med i 1926 å spelte fele.  Unge har utvikla si musikalske interesse, titalls (hundretalls) gitaristar, mange felespelarar, organistar der nokre har enda opp som kyrkje- og domorganistar, pianistar, trommistar.  Og innkjøpt musikksag frå Tyskland til bruk i musikklaget.

Gilje bedehus har markert seg spesielt med dyktige musikkarar til allsongen.

Første orgelet kom tidleg på 30-tallet.  Andre orgelet kom omkring 1960 og er ei gåve frå norsk-amerikanar i Amerika.  Det var elektrisk luftpumpe, du verden, utan sprukken belg.

Det tredje orgelet kom i 1983. Eit elektronisk orgel som skulle tåla det meste. Då og fekk bedehuset ei betydeleg testamentarisk gåve frå Amerika.  (Det står her ubrukeleg og i vegen.)

Det første piano kom omkring 1974 når musikkoret starta.  Det vart fløtta opp på ungdomssalen i år når me fekk nytt.  Det gamle på ungdomssalen var nyare og er vedteke selt.

Kan musikk bidra endå meir i Guds Rike?

Arbeidet

Misjonsselskapet var meir tilknytt den frie lekmannsrørsla og vekkalsane på bedehusa i Bremnes enn andre stader.  Det viser seg også i bruken og samarbeidet på bedehuset i frå starten. Men det vaks fram mange misjonsorganisasjonar etter 1900 som var flittige brukarar. Nokre har slutta av.

Bedehuset var frå starten eit av få samlingspunkt i bygda.  Dei fleste var innom i ein eller annan samanheng.  Det var ”verdslege” tilhøyrarar på musikklagsøvingane, og juletregang arm i arm var noko å strekkja seg etter.  Fulle ungdommar på basarar laurdagskveldane var vanleg.  Ungdomslaget sin juletrefest i 1959 vart avslutta på grunn av omkring 50 berusa ungdommar. Husmorlaget og Helselaget brukte huset.  Av og til også andre samfunnsganlege ting som t.d årsmøte for vassverket og ”stutamøte”.

I årsmeldinga for 1991 finn eg om tilstellingar: Ungdomslaget/musikkoret over 90 tilstellinger og er største gruppa, barnearbeid 85, vaksne over 90 tilstellingar, og pluss litt til totalt 300.

Vekkjingane er eit av hovedformåla med huset. Det var ein stor og omfattande i 1920, og mange seinare.  Den største var i 1943 med Hans Gilje.  Ein del av fiskeflåten kom heim for å delta, og dei fleste i bygda bøygde kne for Jesus. Når skoftar me noko for å delta her? Det har stilna av etter kvart og den siste var på 80-tallet med Martin Hallaråker og Fjelde-karane.  Det lever fortsatt eit håp i bygda vår om vekkingstider.

På 70 og 80-tallet var det så mange møteveker at ein måtte begrensa det. Eg trur at ønskje om vekkelse og store misjonsgåver resulterte i feilbruk av menneskelege og økonomiske resursar.

Barnearbeidet

Barn vert påverka allerede i mors liv av viberasjonane frå mors song som festar seg.  Søndagskulen starta i 1916.  Nye grupper og arbeidsformer har utvikla seg, og her finn me arbeidarane med lengst fartstid.  Medaljar burde vore utdelt.  Det har i mange år vore arbeid blant alle aldersgrupper frå 0 år og oppover.  Barnearbeidet er grunnlaget for alt kristent arbeid.  Me når også foreldre og besteforeldre på tilstellingar der born er involvert.  Søndagskulen har i periodar hatt like mange vaksne tilhøyrarar som på møte om kvelden. Misser me barnearbeidet, går kommande generasjonar tapt.

Ungdomsarbeidet

Synet på born og unge har endra seg sterkt.  Ungdomsarbeidet er fortsettelsen på barnearbeidet.  Misser me ein generasjon, så misser me den generasjonen dei skulle påverka.

Ungdomsarbeid har det vore frå starten.  Det hadde meir preg av voksent arbeid og ungdommane kom med i vekkelsane.

Ungdomssalen var ein suksess med ”fullt hus” og ungdommar vunne for Jesus.   Det er dette arbeidet som har prega Gilje bedehus sterkast etter 1970. Her har nokre eldsjeler lagt ned eit enormt arbeid med mål for  himmelen.  Det har og kjem til å prega bygdane våre i mange år framover.  Det har pågått ein stille vekkelse spesielt etter at den vaksne vekkelsen stilna av.  Mange av dåke som er her i dag er eit resultat av den.  Det er vokster ved godt barne- og ungdomsarbeid.

Det finnes mange personar og gupper som har gjort ein stor og nødvendig innsats:  Styremedlemmer, bedehusforeningar - den første var på 1930-tallet, vaskarane, forbedarane, smilet og samtalen ein møtte, kjøkkentenesta, dugnadsgjengane, innsamlarar, brukarane og mange fleire.  Ikkje alle steinane i Guds byggverk har synlege flater

Eg meiner det trengs ei radikal endring på anlegget og bruken av det.  Evnen og viljen til å fornye åkeren jevnleg, gjev mykje meir og større poteter. Gruppa med bedehusfremmande  i Giljekrinsen er sterkt veksande.  Pengane finnes blant oss.  Tida er ei prioriteringsak. Bedehuset vårt må ikkje verta eit utleigehus, men vera ei arbeidsstove og tempel for Guds Rike.  Jesus sa:  ”Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar – og han kunne sagt - alle generasjonar.  Det er oppdraget.

-- dei samlast jamleg til felles bøn, oppbygging og brødsbryting.  Bedehuset er eit verktøy, ikkje eit mål.

Skal me ta eit tak?      Er me klar?

Det er to utganger av livet.  ”Fader vår du som er i Himmelen. Lat riket ditt komma.

 

I ettertid har eg fått vita at det gamle skulehuset var berre den delen som i dag er under galleriet. Taket og det meste av salen er bygd i 1918.  Salen er seinare utvida austover og med koret i 1938.

Del denne siden